Nyord
Nyord engasjerer i Norden
[…] På kjønnsfronten har vi elles klart å riste av oss dei fleste -inne-orda, som lærarinne, skodespelarinne og kunstnarinne. Vi har nesten kvitta oss med sjukesøster, men helsesøster heng igjen. […]
Redaksjonen i Det Norske Akademis Store Ordbok (NAOB) tek imot forslag til nyord, men må legge nokre på vent til dei er tekne i bruk i allmennspråket. Her er nokre av dei kreative nyordsforslaga som ikkje kjem seg heilt over terskelen – i denne omgang.
skjermtatt = oppslukt av mobilen, nettbrettet e.l., på kostnad av dei ein er saman med. Norsk erstatning for det engelske nyordet phubbing, inspirert av bergtatt.
hjelmhår = slik som håret blir når ein har hatt på seg sykkelhjelm litt for lenge
jobby = jobben som er hobby eller hobbyen som blir som ein jobb. Brukt blant anna av Drillo om jobben hans med fotball.
åreknutepunkt = bebygginga rundt eit kollektivknutepunkt, der bustadprisane gjerne er pressa og det mest er eldre som har råd til å kjøpe og klumpar seg saman
vivaldivêr = når du opplever fire årstider på kort tid, vind, sol, regn og hagl, typisk i Noreg på vårparten
løke = legge, hengje lag på lag (som laga i ein løk). «No har eg ikkje fleire kleshengarar, kan du ikkje berre løke jakka di over dei andre jakkene på knaggen?»
tofse = tortillalefse
infantokrati = barnestyre, når dei små er sjefar i heimen. Attkjennande for mor og far når det står på som verst i oppsedinga.
vaskeballmage = det godslege motstykket til vaskebrettmagane på helsestudioa
Nynorsk Pressekontor 12.4.2015